Langtidsabonnement for privatkundar
Langtidsabonnement for privatkundar i Vossapark er tilbod til privatkundar som har behov for daglig parkeringsplass over lengre tid. Det er 2-to alternativ til å velja mellom:
Avtale 1. gjeld 24/7 gjennom heile året og kostar pt kr 1000,- inkl mva. pr mnd. Avtale 2 gjeld i tidsrommet måndag - fredag . Unntatt er laurdagar/sundagar og heilagdagar. Dette abonnementet kostar pt. Kr 800,- inkl mva. pr mnd, og er tilpassa dei som her sitt arbeid på Vangen.
Begge avtalane gjeld inntil dei vert sagt opp skrifteleg. Vilkår og betsillingsskjema.
- Leiga vert fakturert forskotsvis heilt eller delvis, men minimum for 3 månader om gangen. Det vert ikkje gjeve refusjon av ubenytta parkeringstid.
- Leigebeløpet kan endras med minimun ein månads varsel.
- Abonnementet er løpande inntil det vert sagt opp av kunde. Voss Parkering As kan sei opp avtalen ved misleghald, eller ved brot på instruks som er oppslått i parkeringshuset. Berre skrifteleg oppseiing av avtale frå kunde til parkering@voss.kommune.no vert godteke som oppseiingsgrunn.
- For å inngå eit langtidsabonnement må kunden ha eit Keycard. Dette kortet vert kjøpt hjå Voss Parkering As og kostar kr 125,- inkl mva.
- Voss Parkering As er ikkje ansvarlig for skade på, eller tjuveri av bil, tilbehør eller effektar som ligger i bilen.
- Abonnementet er ikkje ein plassreservasjon og forutset ledig plass i anlegget.
|
|