Parkeringsoversikt
Informasjon om vilkårsparkering |
jfr. Parkeringsforskriften av 18.03.2016 nr. 260Førar sine plikter- Parkering skal skje i tråd med oppmerking/skilting (§ 24, 1. lekk)
- På avgiftsplassar skal betaling skje straks etter parkering (§ 31, 2. lekk), sjå vilkår ved betalingsautomat. Eventuell billett skal plasserast godt synleg bak frontruta. Har motorvogna ikkje frontrute, skal billetten plasserast på ein annan godt synleg stad (§ 31, 2. lekk). Det same gjeld dersom det er stilt krav om billett frå automat som oppgjev tidspunkt for når gratisparkering går ut (§ 24, 3. lekk).
- Ved parkering på reservert plass skal gyldig p-løyve plasserast som nemnt i pkt. 2. Dette gjeld også plassar reservert for forflytningshemma med kommunalt p-løyve.
- På område med tidsavgrensa p-tid og krav om bruk av parkeringsskive skal førar straks etter at motorvogna er parkert, stille visaren på parkeringsskiva på det tidspunkt motorvogna vart parkert, eller på det tidspunktet reguleringstida igjen startar dersom motorvogna vert parkert utanfor regulert tid (§ 24, 2. lekk).
Sanksjonar ved brot på førar sine plikterVed parkering i strid med forskrifta sine bestemmelsar vert det normalt utferda ein kontrollsanksjon på kr 660. For overtredelse av vilkåra for parkering på plassar reservert for forflytningshemma er kontrollsanksjonen kr 990. Dersom det ikkje vert trekt billett for tidsavgrensa gratisparkering, eller det vert parkert uberetta på plassar reservert kunde, besøkjande eller gjest, er kontrollsanksjonen kr 330. (§ 36). Feilparkerte køyretøy kan om naudsynt verta fjerna for eigar/førar si rekning (§ 38). Spørsmål i samband med kontrollsanksjonar og fjerning av motorvogn kan rettast til verksemda. KlageUtferda kontrollsanksjon eller påførte kostnader ved fjerning kan påklagast til verksemda innan 3 veker frå ilagt dato (§ 44).
Voss Parkering AS | Uttrågata 23 A 5700 Voss | tlf 924 45 539 | Org.nr 958616337 |
|
Pris for parkering på Voss |
Her er ei oversikt over parkeringsplassane me har på Voss, med tilhøyrande reguleringstid og takstpris.Trykk på 🌐 symbolet så får du sjå eit kart over området taksten og reguleringstida gjeld.
Hugs at skilting på staden alltid er gjeldande, sjølv om annan informasjon er fråvikande.Takstsone | SmartPark+ | Område | Minstetakst | Timepris | Døgnpris | Maks p-tid | Man-Fre | Laurdag | Søndag & Helgedag | Kart | 6300 | VOSS-1 | Voss sentrum |
| kr 15,00 |
| 3 timar | 09 - 17 | (09 - 15) |
| 🌐 | 6303 | VOSS-1 | Hestavangen sør
|
| kr 15,00 |
| 3 timar | 09 - 17 | (09 - 11) |
| 🌐 | 6301 | VOSS-2 | Langabrua
|
| kr 15,00 | kr 40,00 | 24 timar | 09 - 17 | (09 - 11) |
| 🌐 | 6313 | VOSS-2 | Voss Sjukehus |
| kr 15,00 | kr 40,00 | 7 døger | 09 - 17 |
|
| 🌐 | 6305 | VOSS-2 | Idrettshallen / Utebadet |
| kr 15,00 | kr 40,00 | 24 timar | 09 - 16 |
|
| 🌐 | 6306 | VOSS-3 | Tinghusplassen |
| kr 15,00 |
| 8 timar | 09 - 17 | (09 - 15) |
| 🌐 | 6307 | VOSS-2 | Heggjavad |
| kr 15,00 | kr 40,00 |
| 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 | 6311 | VOSS-1* | Vekselbanken |
| kr 15,00 |
| 1 time | 09 - 17 | (09 - 15) |
| 🌐 | 6312 | VOSS-2 | Ole Bull Akademiet |
| kr 15,00 | kr 40,00 | 7 døger | 08 - 16 | (08 - 15) |
| 🌐 | 6314 | Ikkje her | Voss Stasjon | kr 20,00 | kr 20,00 | kr 80,00 | 14 døger | 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 | 6316 | VOSS-3 | Holbergsplassen |
| kr 15,00 |
| 8 timar | 09 - 17 | (09 - 15) |
| 🌐 | 6320 | Ikkje her | VossaPark |
| kr 20,00 | kr 50,00 |
| 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 | 63201 | Ikkje her | VossaPark (personleg bilskilt) |
| kr 20,00 | kr 50,00 |
| 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 | 6321 | Ikkje her | Voss ski- og tursenter | kr 100,00 |
| kr 100,00 |
| 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 | 6322 | Ikkje her | Stasjonsgarasjen |
| kr 30,00 | kr 190,00 |
| 00 - 24 | (00 - 24) | 00 - 24 | 🌐 |
* Maks p-tid er 1 time sjølv om SmartPark+ visar til 3 timar
|
Betale parkeringsavgift på Voss |
Parkeringsautomat Parkeringsavgift kan betalast på parkeringsautomat. Me nyttar eit bilettlaust system som koplar betaling av parkeringsavgift opp mot registreringsnummeret på det parkerte køyretøyet. - Trykk [Start parkering] på automatskjermen.
- Skriv inn køyretøyets registreringsnummer. Førar som skal registrere køyretøy med personleg bilskilt må skrive inn det som faktisk står på køyretøyets skiltplate, og ikkje det opprinnelige registreringsnummeret. Ver merksam på at det er førars ansvar at riktig registreringsnummer er skrive inn. Fullfør inntasting med [OK].
- Les over inntasta registreringsnummer og sjå at det er korrekt. Stadfest med [OK].
- Vel betalingsalternativ ved å trykke på [Kort] eller [Mynt].
Vidare forklaring nedanfor:Betal med bankkort- Trykk på [Kort].
- Set inn ynskja bankkort. Me godtek VISA kort, MasterCard og div. andre utanlandske kort.
- Vel tid med pil opp eller ned. Automaten legg inn ein time automatisk som eit utgangspunkt.
- Stadfest ynskja p-tid med [Kjøp] og vent til kjøpet vert fullført.
- Ta ut kortet.
- Automaten gir beskjed om at parkeringa er registrert med ei ✔ grøn hake.
På sluttskjermen kan du få kvittering for reservasjonen ved å trykke [Trykk for kvittering]. Dette er ikkje ein gyldig parkeringsbillett, men kan nyttast som ein hugselapp. Denne kan ikkje nyttast som bilag til rekneskap.
Det er mogleg å avslutta parkeringa tidleg om du skulle ha tid til overs på automatkjøpet. Trykk [Avslutt parkering], sett inn bankkortet og trykk [OK] ved spørsmål om du ynskjer å avslutta parkeringa. Prisen vert då redusert tilsvarande tida som ikkje vart nytta, og du betalar berre for tida du har stått parkert. Du kan trykke [Trykk for kvittering] for å få kvittering for kjøpet som kan nyttast som bilag til rekneskap.
Betal med mynt- Trykk på [Mynt].
- Auk ynskt parkeringstid ved å leggje på mynt. Fullfør registreringa med [Kjøp]. kr 1 = 4 min, kr 5 = 20 min, kr 10 = 40 min, kr 20 = 1 time 20 min. Desse beløpa gjeld berre for takstsonane som har kr 15 per time.
På sluttskjermen kan du få kvittering for kjøpet ved å trykke på [Trykk for kvittering]. Dette er ikkje ein gyldig parkeringsbillett, men kan nyttast som ein hugselapp og som bilag til rekneskap. EasyParkEasyPark tilbyr lettvinte løysingar for å betale parkeringsavgift. EasyPark tek normalt eit servicetillegg på 15 % av parkeringsavgifta (minimum kr 4,90) for bruk av deira tenester. For eit betre tilbud på servicetillegget, kontakt EasyPark på telefon 23 30 88 80.
AppVer merksam: For å nytta denne tenesta må du ha ein kundekonto hjå EasyPark med mobilnummeret ditt, registreringsnummer til dine køyretøy og ynskt betalingsmiddel. Du kan registrere deg som kunde i appen før du nyttar han, eller det kan gjerast på førehand på deira heimeside. - Når du har opna opp appen kan du finne parkeringsplassen køyretøyet ditt står på i kartet, eller ved å skrive inn takstsonenummeret som du finn på automaten i nærleiken av parkeringsplassen.
- Trykk på den rosa knappen med kvit P i når du har funne området ditt.
- Drei på hjulet som dukkar opp til du kjem opp i ynskt parkeringstid.
- Trykk "Start parkering" i midten av dreiehjulet.
- Parkeringa er starta.
Last ned EasyPark appen til din iPhone eller Android baserte smarttelefon og registrer deg som brukar av appen. Følg vegvisaren for komme i gang.
TelefonVer merksam: For å nytta denne tenesta må du ha ein kundekonto hjå EasyPark med mobilnummeret ditt, registreringsnummer til dine køyretøy og ynskt betalingsmiddel. Har du allereie registrert deg med EasyPark appen eller på nettstaden deira er du klar til å nytta telefontenesta. - Ring 03456
- Tast inn takstgruppe med mobiltastaturet og avslutt med firkant. Takstgruppenummer finner du ved parkeringsautomaten i nærleiken. Døme: 6300# for takstsone 6300 i Voss sentrum.
- Viss du har fleire køyretøy registrert må du velje køyretøy i frå lista med køyretøy du har lagt til i EasyPark kontoen din med telefontastaturet og avslutta med firkant. EasyPark leser opp lista til deg så du kan stadfeste at du vel riktig køyretøy. Døme: 1# for køyretøy nr 1 i lista.
- Tast inn ynskt sluttidspunkt med telefontastaturet og avslutt med firkant. Døme 1: 1340# for parkering til kl 13:40. Døme 2: 0920# for parkering til kl 09:20.
- EasyPark stadfestar no at parkeringa er starta og er gyldig til ynskt klokkeslett i oppgjeven takstgruppe og på kva køyretøy parkeringa er registrert på.
Parkering starta med den automatiske telefontenesta til EasyPark kan handsamast i EasyPark appen eller ved å ringe 03456 på nytt.
SMSSMS tenesta kan nyttast uavhengig om du er registrert kunde hjå EasyPark eller ikkje. Du betalar då med telefonrekninga. Tenesta forutsetter at du har eit norsk mobilabonnement og at operatøren har støtte for belasting via Strex (mobilrekning) og at mobilabonnenten ikkje har slått av kostnadsbelagte SMS tenester. Ring din mobiloperatør om du er usikker på om ditt mobilabonnement kan nytta slik teneste. - Send melding til nummer 2410
- Meldinga skal innehalde [Takstsonenummer] og [Køyretøyets registreringsnummer]. Hugs mellomrom mellom takstsonenummeret og køyretøyets registreringsnummer. Takstsonenummeret finn du på automaten i nærleiken av parkeringsområdet. Hugs på å skrive inn riktig registreringsnummer og takstsonenummer, feil registrering kan føra til kontrollsanksjon. Døme: 6300 AB12345
- Når du har sendt meldinga får du stadfestande kvittering på at parkeringa er starta. Parkeringa vert starta med maksimal slutt-tid. Det er viktig å kontrollere at riktig køyretøy og takstsone er registrert.
Parkering starta med SMS løysing kan avsluttast med å sende STOPP til 2410. Parkeringa vert då avslutta frå det tidspunktet du sendte melding og prisen vert korrigert etter kor lenge parkeringa har vart. SmartPark +Den gule parkeringsbrikka - Finn fram SmartPark +
- Trykk på [ON] for å sjå restsaldo
- Trykk på [ON] igjen for å sjå takstgrupper
- Trykk på [ON] igjen for å velje takstgruppe og sjå parkeringstid
- Trykk på [ON] igjen for å velje parkeringstid og sjå timeprisen
- Trykk på [ON] igjen for å starte parkeringa
Tommelfingerregelen er å trykke 5 gangar på ON knappen, så startar parkeringa. Vent til du får eit langt pip, og du ser eit P symbol i nedre venste hjørne.
Trykk på [OFF] for å stoppe parkeringa. Brikka trekker kun beløpet for den faktiske parkerte tida.
|
Pendlarparkering Voss Stasjon 2023 1. halvår |
Gyldig: januar 2023 - juni 2023Pris: kr 600,00 inkl. mva Oblat att: 3 stk
Sist oppdatert 16.02.2023 15:08
Voss Parkering AS har avtale med Bane NOR Eiendom om handheving på Voss Stasjon. Prisen for oblaten vert ikkje avkorta sjølv om ein tingar parkeringsoblat seinare enn ved oppstartspunktet. Retningslinjene for kjøp er som fylgjande: - Rett til kort har den som er dagpendlar på Bergensbanen mellom Voss - Bergen, er i jobb i Bergen, og kan leggja fram kvittering på betalt månadsbillett på strekkja i oblatens gyldigheitstid. Tilbodet gjeld ikkje pendlarar som har sin bopel i nærleiken av Voss Stasjon, eller på «flatvangen».
- Sal av halvårlege oblat gjeld for perioden januar - juni 2023, og juli - desember 2023. Parkeringsoblaten vil berre gjelda parkeringsplassen Voss Stasjon/ Fraktgodstomta. Sjølv om parkeringsplassen er full gjev ikkje oblatet rettigheitar andre stader i bygda.
- Pendlarar med Parkeringsoblat skal parkera i austre del av parkeringsplassen. Plassane som er til venstre innanfor porten (austre del) skal fyrst fyllast opp for dei som har pendlaroblat. Er austre del full skal det parkerast så nært aust som mogleg.
- Parkeringsplassen Voss Stasjon er open for ålmenta, og skiltinga på staden gjeld derfor alle brukarane av parkeringsplassen.
Søknad med dokumentasjon kan sendast til: 📧 post@vossparkering.no
|
Parkeringsoblat Langebrua p-område |
Gyldig: april - juni 2023. Pris: kr 1575,00 inkl. mva Oblat att: 35 stk
Sist oppdatert 13.03.2023 11:20
Denne ordninga er ein rimeleg, enkel og grei løysing for deg som parkerer ofte på Vossevangen. Med oblaten kan du parkere så lenge skiltinga på området tillet det - utan at du treng å registrere parkeringa på automat eller med EasyPark.
Oblata vert selt kvartalsvis, og sal av neste kvartals oblat byrjar normalt i slutten av månaden den førre oblaten er gyldig. For å tinga oblaten må du oppgje namn og fakturaadresse. Du kan og leggje inn ynskje om å hente oblaten på kontoret vårt. Viss ikkje sender me oblaten med post.
Prisen på parkeringsoblaten vert ikkje avkorta sjølv om den vert tinga på eit seinare tidspunkt enn oppstartspunktet.
Oblaten er ikkje gyldig før han er plassert godt synleg innanfor frontrute i motorvogna som skal parkerast.
Oblaten er ikkje knytt til ein særskilt motorvogn og kan flyttast mellom fleire motorvogner. Kravet om at oblaten skal vere synleg lagt fram bak frontruta til den parkerte motorvogna er likevel den same.
|
Forflyttingshemma
Det er Voss herad som tildeler parkeringsløyve til forflyttingshemma bilførarar eller passasjerar med særleg trong for parkeringslette. Regelverket for slik tildeling er fastlagt i "Forskrift om parkering for forflytningshemmede". Parkeringsløyve er meint som eit hjelpemiddel for den som har sterkt nedsett evne til å flytta på seg. Søknadskjema finn du på Voss Herad sin heimeside under "Skjema og betalingssatsar". Voss Parkering As handhevar regelverket i samsvar med forskrifta.
|
|
|
Nyttig Info

Kart
|