Parkeringshus

VossaPark og Stasjonsgarasjen – her finn du svar på alt du lurar på når det gjeld dei fine parkeringshusa våre!

Kvar finn eg parkeringshuset VossaPark?

Du finn VossaPark i Lekvemoen, rett ved Circle K-bensinstasjonen med adresse Lekvemoen 5 5700 Voss.

Kvar finn eg parkeringshuset Stasjonsgarasjen?

Du finn Stasjonsgarasjen i "Knutepunktet Voss" ved togstasjonen, med adresse Gurid Almenningens plass 1, 5704 Voss.

Voss mediesmio sverrehjornevik 02229

VossaPark

Velkomen til parkeringshuset VossaPark midt i Voss sentrum!

Her har me god plass til deg, med 288 parkeringsplassar, 8 ladeplassar til el-bil og 6 plassar reservert forflytningshemma med kommunalt parkeringsløyve. I VossaPark står køyretøyet trygt, tørt og i god nærleik til Voss sentrum.

Kva kostar det?

kr 20 per time / kr 60 per døgn. Eit døgn gjeld frå når køyretøyet først køyrde inn i huset.
Prisen gjeld for samanhengande parkeringar. Køyrer du ut og inn vert ein ny parkering starta, sjølv om dette er den same dagen.

Korleis betalar eg, og når?

Du betalar når du har tenkt å køyre frå parkeringshuset.

Parkeringsautomat: Automaten finn du på plan 1 nær innkøyringa ved trappa. Skriv inn reg.nr på bilen så får du opp kva som skal betalast. Du kan betala med kort og mynt.

EasyPark: Aktiver kameraparkering i sone 6320 i appen etter du har køyrd inn i huset. Då fiksar EasyPark betalinga automatisk når du køyrer ut. Trykk her for meir info (easypark.no).

Ved betaling med EasyPark kjem det normalt eit servicetillegg i tillegg til parkeringsavgifta. Trykk her for meir info (easypark.no).

Faktura: Viss det ikkje vert betalt på automat eller med EasyPark vert parkeringa fakturert bilen sin eigar. Fakturagebyr på kr 19 kjem då i tillegg. (Nytt fakturagebyr gjeld frå parkeringar som er avslutta f.o.m. 26. februar 2024)

Parkeringsavtale: Viss du parkerer ofte i parkeringshuset kan du kjøpa ein månadleg parkeringsavtale. Då betalar du på førehand, og kan parkere fritt i perioden avtalen gjeld.

Kva kostar ein parkeringsavtale?

Parkerer du ofte og/eller lenge i VossaPark kan det lønna seg å teikna parkeringsavtale. Med parkeringsavtale kan du parkere utan ekstra kostnad så lenge, og så mange gangar du vil dei dagane avtalen gjeld. Avtalen vert fornya automatisk ved månadsskifte fram til den vert sagt opp.

Me tilbyr to avtalar for privatpersonar, og ein bedriftsavtale:

Vekedagsavtale (mån - fre) kr 850,- inkl mva pr månad – Denne er best om du parkerer mest i Vossapark måndag til fredag. Vanleg takst gjeld laurdag og søndag.
Månadsavtale kr 1100,- inkl mva pr månad – Denne er best om du parkerer fast i Vossapark heile veka, inkludert helg.
Bedriftsavtale kr 2080,- eks mva pr 3 månadar – Avtalen gjeld alle dagar i veka, inkludert helg.

Kva kostar det å lada el-bil?

Det kostar kr 12,- per time å lada el-bilen i VossaPark. Betaling skjer med bankkort rett ved ladeboksen.

Parkeringsavgift må betalast i tillegg til lading.

Ladeboksane tek i mot vanleg "Mode 3 type 2" kontakt.

Det er "treig lading", opp til ca. 3,5 kWh.

Kor høg kan bilen min vere?

Høgdegrensa for heile VossaPark er 2,3m.

Vossparkering stasjonsgarasjen mediesmio 0402

Stasjonsgarasjen

Velkomen til parkeringshuset Stasjonsgarasjen rett ved Voss Stasjon. Me har god plass til deg med 88 parkeringsplassar, 15 ladeplassar til el-bil og 7 plassar reservert forflytningshemma med kommunalt parkeringsløyve. I Stasjonsgarasjen står køyretøyet trygt, tørt og i god nærleik til både tog- og busstasjon, hotell og Vossevangen sentrum.

Kva kostar det?

kr 30 per time / kr 190 per døgn. Eit døgn gjeld frå når køyretøyet først køyrde inn i huset.
Prisen gjeld for samanhengande parkeringar. Køyrer du ut og inn vert ein ny parkering starta, sjølv om dette er den same dagen.

Korleis betalar eg, og når?

Du betalar når du har tenkt å køyre frå parkeringshuset.

Parkeringsautomat: Automaten finn du på plan 1 nær porten og inngangsdør til Knutepunktet. Skriv inn reg.nr til bilen så får du opp kva som skal betalast. Du kan betala med kort og mynt.

EasyPark: Aktiver kameraparkering i sone 6322 i appen etter du har køyrd inn i huset. Då fiksar EasyPark betalinga automatisk når du køyrer ut. Trykk her for meir info (easypark.no).

Ved betaling med EasyPark kjem det normalt eit servicetillegg i tillegg til parkeringsavgifta. Trykk her for meir info (easypark.no).

Faktura: Viss det ikkje vert betalt på automat eller med EasyPark vert parkeringa fakturert bilen sin eigar. Fakturagebyr på kr 19 kjem då i tillegg. (Nytt fakturagebyr gjeld frå parkeringar som er avslutta f.o.m. 26. februar 2024)

Parkeringsavtale: Viss du parkerer ofte i parkeringshuset kan du kjøpa ein månadleg parkeringsavtale. Då betalar du på førehand, og kan parkere fritt i perioden avtalen gjeld.

Kva kostar ein parkeringsavtale?

Parkerer du ofte og/eller lenge i Stasjonsgarasjen kan det lønna seg å teikna parkeringsavtale. Med parkeringsavtale kan du parkere utan ekstra kostnad så lenge, og så mange gangar du vil i perioden avtalen gjeld. Avtalen vert fornya automatisk ved månadsskifte fram til den vert sagt opp.

Månadsavtale kr 1950,- inkl mva pr månad (1560,- ekskl. mva)

Kva kostar det å lada el-bil?

Det kostar kr 3,50 per kWh å lade bilen i Stasjonsgarasjen. Betaling skjer via EasyPark app. Det kjem normalt eit servicetillegg i tillegg til ladeprisen per ladeøkt. Trykk her for meir info (easypark.no).

Parkeringsavgift betalast i tillegg til ladeprisen.

Ladestolpane tek i mot vanleg "Mode 3 type 2" kontakt.

Det er "vanleg lading", opp til ca 22 kWh.

Kor høg kan bilen min vere?

Høgdegrensa i plan 1 er 2,3m, medan grensa er på 2,1m i plan U.