Voss Parkering AS
 
Vossapark  

VossaPark parkeringshus

Velkomen til parkeringshuset VossaPark midt i Voss sentrum. Her har me god plass til deg med 288 parkeringsplassar, 8 ladeplassar til el-bil og 6 plassar reservert forflytningshemma med kommunalt parkeringsløyve. I VossaPark står køyretøyet trygt, tørt og i god nærleik til Voss sentrum.

📍 Kor finn eg VossaPark?

Du finn VossaPark i Lekvemoen, rett ved Circle K bensinstasjonen med adresse Lekvemoen 5 5700 Voss.

Sjå kart med køyrepiler og landemerke som forklarar vegen til VossaPark:

Trykk her for å sjå kartet i Google Maps

💰 Kva kostar det?

PrisinformasjonEks. mva.mva 25%Inkl. mva.
Pris pr. timekr 16,00kr 4,00kr 20,00
Pris pr. døgerkr 40,00kr 10,00kr 50,00
Parkeringsavtale ein månad mån-fre (privat)kr 680,00kr 170,00kr 850,00
Parkeringsavtale ein månad (privat)kr 880,00kr 220,00kr 1100,00
Parkeringsavtale tre månadar (bedrift)kr 2080,00kr 520,00kr 2600,00

📅 Når kostar det?

Prisane gjeld alle dagar, inkludert søndag og helgedagar, heile døgnet. Krav om betaling gjeld og for innehavarar av parkeringsløyve for forflytningshemma.

⏳ Kor lenge kan eg parkere?

Det er inga grense for kor lenge ein motorvogn kan stå parkert, så det kan du sjølv tilpassa.

💭 Kva må eg gjere?

Du treng ikkje gjere noko når du køyrer inn i VossaPark, utanom å parkere bilen og eventuelt sette i gang EasyPark om du nyttar det. VossaPark er utstyrt med ANPR kamera som les av skiltnummer på motorvogna, og reknar ut kor lenge motorvogna har vore i parkeringshuset når den forlèt p-huset. Å betale gjer du når du skal forlate VossaPark. Les nedanfor om betaling.

🅿 Korleis betaler eg parkeringsavgifta?

Betaling for parkeringa vert gjort ved utkøyring. Me har følgjande alternativ for betaling:
  • 🏧 Betalingsautomat med debet- og kredittkort eller mynt (må betalast før utkøyring. Automaten står på plan 1 ved innkøyrsla til VossaPark)
  • 📲 EasyPark kamera registrering sone 6320 (vert belasta automatisk ved utkøyring) få hjelp med kamera registrering i EasyPark her
  • 📩 Ettersendt faktura [+ fakturagebyr] (vert fakturert motorvognens eigar etter utkøyring ved manglande betaling)
  • 🤝🏻 Parkeringsavtale (kan kjøpast i kundeportalen: [privatkunde] [bedriftskunde])

🤝🏻 Parkeringsavtale

Om du/bedriften parkerer mykje og ofte i VossaPark, kan du vurdere å kjøpe parkeringsavtale. For oversikt over dei ulike avtalane og pris, sjå «Kva kostar det?» avsnittet lenger oppe.

For privatperson skjer betaling med kortbetaling på nett. BankID kan vere naudsynt for å leggje inn kort.

For bedrift vert faktura sendt til oppgjeve fakturaadresse, e-post eller EHF. Faktura vert sendt etter månadsskifte.

Merk at denne avtalen ikkje er ein plassreservasjon, og føreset at det er ledig plass i p-huset. Lading av ladbar motorvogn er ikkje inkludert og vil koma i tillegg. Avtala fornyast automatisk fram til han vert sagt opp.

♿ Reservert forflytningshemma

Det er 6 plassar reservert for forflytningshemma med parkeringsløyvekort synleg i frontrute.i VossaPark.
3 plassar på plan 1. Ein av dei er nær innkøyrsla til VossaPark og dei to andre ved utgang mot Uttrågata med heis.
1 plass på plan 2 ved utgang mot Uttrågata.
2 plassar på plan 3 ved utgang mot uttrågata med heis.
I VossaPark er det betalingsplikt for innehavarar av slikt kort, men med rett til å stå på slik plass.

⚡ Ladeplass for elektrisk motorvogn (3,6kWh)

Det er 8 plassar ladeplassar som har sine eigne ladepunkt.
4 plassar på plan 1 rett ved innkøyrsel til VossaPark
4 plassar på plan 2 direkte over dei på plan 1.

Betaling for ladinga skjer på kortterminal ved ladepunkta, og prisen kjem i tillegg til parkeringsavgifta.

Pris for ladingEks. mvaMva 25%Inkl. mva
pr. timekr 9,60kr 2,40kr 12,00

VossaPark vert drifta av
Voss Parkering AS
Uttrågata 23 A
5700 VOSS
org.nr 985 616 337
parkering@voss.herad.no
+47 924 45 539

Nyttig Info

|

Uttrågt. 23A
|

5700 VOSS
|

Tlf. +47 924 45 539
|

parkering@voss.herad.no
        Rediger