Arbeid på p-plass Voss stasjon

Deler av "fraktgodstomta" vert stengt frå og med den 12. august. Les her for info og alternativ parkeringsplass.

Stasjon stengt

Har du fått SMS frå VOSSAPARK?

Trykk her viss du ikkje vil ha melding frå oss lenger.

20240805 091451

Gravearbeid

Baneservice skal på oppdrag frå Bane Nor driva med gravearbeid på "fraktgodstomta" i ca 3. vekers tid.

Mindre kapasitet

Parkeringsplassen ved Voss stasjon vil frå den 12. august ha meir eller mindre halvert kapasitet. Risikoen er høg for at plassen er full i denne perioden.

Me rådar difor til at viss du skal reise med toget, at du reiser heimefrå i god tid før toget går, minst 20 minutt før du vanlegvis køyrer av gårde - slik at du får høve til å finne alternativ parkeringsplass viss det ikkje er plass til bilen din.

 

Pendlaravtale?

Pendlaravtalen gjev berre rett til parkering på området, og garanterer diverre ikkje at du får plass. Er det ikkje ledig plass ved Voss stasjon lyt du finne eit alternativt område å parkere på.

 

Pendlaravtalen er òg berre gyldig for parkering på fraktgodstomta, sidan dette er eit tilbod til togpendlarar på vegne av Bane Nor.

 

Me rådar til å bruka VossaPark som alternativ plass. Pris for å parkere er kr 60 per dag (gjeld pr sammenhengende parkering). Det er òg mogleg å teikne p-avtale i VossaPark frå kr. 850 pr månad.

 

Elles vil Stasjonsgarasjen kunne husa bilen din for kr 190 pr døgn (p-avtale kr 1950 pr månad).

Les meir om p-husa våre her

Rørslehemma med parkeringsløyve?

Plassane for rørslehemma vil òg verte stengt i samband med graverabeidet.

 

Det er to plassar reservert forflyttingshemma på motsatt side av jernbanen, framføre Bunnpris butikken - som har enkel tilgang til spor 1, og heis til spor 2 og 3. Det er òg 2 plassar mellom Esso og Voss kulturhus, på andre sida av hovudvegen frå Voss stasjon. Det er ca. 80m avstand frå kulturhuset til heisen på Voss stasjon. Trykk her for kart for å sjå kor desse plassane er i forhold til fraktgodstomta.

 

Du kan som alternativ bruke vanleg oppstillingsplass. På Voss stasjon parkerer du med gyldig parkeringsløyve bak frontruta utan å betala avgift på vanleg avgiftsparkeringsplass.

 

Det er òg plassar reservert rørslehemma i Stasjonsgarasjen. I Stasjonsgarasjen må rørslehemma med parkeringsløyve betala avgift.

Moped/motorsykkel?

Gratisparkeringa for 2hjuls motorsykkel og 2hjuls moped vil òg verte stengt. Tilsvarande parkeringsplass for motorsykkel/moped finst på Tinghusplassen.

 

Ved parkering av motorsykkel/moped på vanleg parkeringsplass, må det betalast avgift. Står fleire motorsyklar/mopedar inni same felt, må berre ein av dei parkerte motorsyklane betala for seg, men då må den mopeden med betaling på seg vere parkert heile den tida dei andre motorsyklane òg står parkert.