Om Voss Parkering
Voss Parkering AS driftar den offentlege parkeringa i Voss herad. Me utfører parkeringskontroll i samsvar med gjeldande lover og syter for trygg og god framkomst for innbyggjarar og tilreisande som ferdast i trafikken.

I november 1987 vart det innført avgiftsparkering på Voss, som vart administrert av det nyoppretta Voss Parkeringsselskap AS. I fyrste halvdel av 1990 vart det vedteke av kommunestyret at drifta skulle leggjast inn som eiga avdeling under Teknisk kontor.
Etter nytt vedtak i kommunestyret vart Voss Parkering AS stifta 1. mai 2003. Selskapet skal mellom anna jobba for å redusera trafikkbelastninga i sentrumsområdet og til å utvikla gode tilbod for gåande og syklande.
Dagleg leiar (konstituert ut 2024)
Ivan Kvåle Jonsson
Styreleiar
Torgeir Reime
Nestleiar
Anne Rivenes
Medlemmar av styre
Ann Kristin Vedå
Olav Loven
Terje Eide
Varamedlemmar
Torgils Rogne
Jon Ivar Fjose
Aud Eide
Synva Vinje
Revisor
Ici Revisjon AS (til og med rekneskapsåret 2023)
Vestlandsrevisjon IKS (frå og med rekneskapsåret 2024)