Lovverk og parkeringsreglar

Detaljert informasjon om lover, reglar og forskrifter knytt til parkering og trafikk.

  • Voss Parkering - Skiltplan

Skiltplanar

Detaljert informasjon om skiltplanar frå kvar enkelt parkeringsplass, i form av bilete, kart og vilkår finn du på Vegvesenet sine sider.

Informasjon om offentleg vilkårsparkering

jf. parkeringsforskriften av 18.03.2016 nr 260

Virkeområde

Desse vilkåra gjeld for vilkårsparkering på offentleg ferdselsåre i Voss herad.

Vilkåra gjeld òg ved parkering på anna vilkårsparkeringsområde i Voss herad, som er skilta med blåfarga offentleg trafikkskilt 552 "parkering".

Desse vilkåra gjeld ikkje ved parkering på vilkårsparkeringsområde med kvite offentlege parkeringsregulerande trafikkskilt (§ 22, jf. vedlegg 1 [les på lovdata.no]), eller som er skilta og regulert med private skilt (§ 23 [les på lovdata.no]). På slike område, sjå eiget informasjonsskilt på det konkrete parkeringsområdet.

Definisjonar

I parkeringsforskriften § 2 er følgjande definisjonar gjeve: [les på lovdata.no]

a. Vilkårsparkering: parkering mot betaling, med tidsbegrensning med eller uten dokumentasjonsplikt, på oppstillingsvilkår, med krav om parkeringstillatelse for forflytningshemmede eller på andre vilkår.

b. Parkering: Enhver hensetting av kjøretøy, selv om føreren ikke forlater det. Unntatt er kortest mulig stans for av- eller påstigning eller av- eller pålessing, jf. forskrift om kjørende og gående trafikk § 1 bokstav k.

c. Avgiftsbelagt kommunal parkeringsplass: parkeringsplass som driftes og håndheves av en kommune eller heleide kommunale selskaper, hvor det tilbys vilkårsparkering mot betaling. Unntatt er tilfeller der kommunen eller heleid kommunalt selskap har inngått skriftlig avtale om å håndheve for private på et område utenfor den offentlige ferdselsåren hvor det er åpenbart at plassen likevel driftes av private. Statens vegvesen avgjør i tvilstilfelle om en avgiftsbelagt parkeringsplass er kommunal.

d. Håndheving: både ileggelse av kontrollsanksjoner og beslutning om fjerning av kjøretøy jf. § 38 og § 42.

e. Ladbar motorvogn: motorvogn som helt eller delvis drives frem av elektrisk motor og som har batterier som kan lades direkte fra strømnettet.

f. Private skilt: skilt som ikke er regulert i skiltforskriften eller denne forskriften med vedlegg.

g. Offentlig ferdselsåre: Ferdselsdelen av offentlig veg, beregnet på trafikk med motorvogn, med integrerte arealer som kantsteinsparkering og lignende.

Førar sine plikter ved parkering

1. Parkering må skje i tråd med oppmerking/skilting (§ 24, 1. ledd [les på lovdata.no]).

2. På avgiftsplassar må betaling skje straks etter parkering (§ 31, 2. ledd [les på lovdata.no]). Betalinga må registrerast til rett køyretøy, og inntasta kjennemerke må stadfestast som heilt rett og utan feil før betaling vert gjort (§ 31, 3. ledd [les på lovdata.no]).

3. Ved parkering på særskilt reservert plass må gyldig særskilt parkeringsløyve plasserast godt synleg bak frontruta (§ 30, 4. ledd [les på lovdata.no]). Parkeringsløyvet må berre nyttast av det køyretøyet eller den personen/verksemda løyvet er utferda til (§ 30, 1. og 2. ledd [les på lovdata.no]).

4. Ved parkering på reservert plass for rørslehemma, må gyldig kommunalt parkeringsløyve plasserast godt synleg bak frontruta (forskrift om parkering for rørslehemma § 4, siste ledd [les på lovdata.no]). Det same gjeld for kommunalt parkeringsløyve for institusjonar. (forskrift om parkering for rørslehemma § 5, siste ledd [les på lovdata.no]). Utlending som er gjeve parkeringsløyve for rørslehemma i sitt heimland, plasserer òg slikt løyve på same måte.

♿ Særskilt om parkeringsavgift for rørslehemma

Rørslehemma med kommunalt parkeringsløyve parkerer avgiftsfritt på avgiftsbelagt kommunal parkeringsplass (§ 33 [les på lovdata.no], jf. forskrift om parkering for rørslehemma § 2 første ledd bokstav b [les på lovdata.no]). Det same gjeld utlending som er gjeve løyve i sitt heimland (forskrift om parkering for rørslehemma § 7, 1. ledd [les på lovdata.no]). Ved parkering på slik avgiftsplass må parkeringsløyve for rørslehemma plasserast som nemnt i pkt. 4 under "førar sine plikter ved parkering".

Sanksjonar ved brot på førar sine plikter

Ved stans eller parkering i strid med vilkår for parkering gjeve med skilt, eller som er fastsett i forskrift, vert det normalt utferda ein kontrollsanksjon på kr 660 (§ 36, 1. ledd [les på lovdata.no]).

Ved parkering i strid med vilkåra på plassar reservert for rørslehemma er kontrollsanksjonen kr 990 (§ 36, 3. ledd [les på lovdata.no]).

Feilparkerte køyretøy kan om naudsynt fjernast for eigar/førar si rekning (§ 38 [les på lovdata.no]).

Spørsmål i samband med kontrollsanksjonar og fjerning av motorvogn rettast til Voss Parkering AS.

Klage på sanksjon/fjerning

Utferda kontrollsanksjon eller påførte kostnader ved fjerning kan klagast på til Voss Parkering AS innan 3 veker frå ilagt dato (§ 44 [les på lovdata.no]). Meir informasjon og klageskjema finn du på vår klageside.